Elvepadling

Eg har padla ein del fine elver. Både aleine og med venner. Den lengste padleturen eg har vore på var i 2003, da kjerringa og eg padla gjennom Finland på elvene: Lätäsenö, Poroenö, Muniojoki, Ivalojoki. Videre over Enaresjøen og heilt til Sandnes ved Kirkenes. Det var ein lang tur. Eit par gonger har eg au fått padle store avstander på Kolahalvøya i Russland: Afanasia, Koynijok og Ponoj. Oj, oj. Det var villmark. Og så Yokanga da. Kjempefin elv. Fin natur.

Den beste padleturen er allikevel ned Tinnåa. (Eller Åa me bygdefolket kallar den, eller kanskje: Tinnelva som byfolk kallar den.) Det e ein kort tur. Rett heimafrå og nedover. Der padlar eg gjennom ei minnebok: Storaure, kanovelt, smugrøyking og annet. (https://villmarkshistorier.no/2010/05/24/ved-tinnaas-bredd/) Padla den i dag sammen med min 7 år gamle sønn og alaska huskyen Panter. Det var feite latterkuler! Fikk noen morsomme videosnutter. Får sjå om eg får satt dem sammen til en liten videosnutt om eg får tid. (Eg e nemlig invitert på eit party som eg nødig vil gå glipp av.) Bildene får fortelle historien. Har ikkje tid til meir nå. Over og ut!

PS: Takk til Goffa og Niri for fotosupport og henting!

Fiskekort i Tinnåa får du kjøpt her 

Gregar, Panter og eg ned Åa i dag.
Det e ein fordel å ha padla litt om ein solopadlar Åa. Nokre bølger e det undervegs.
-Hold fast Gregar!
MORO!
Gutta boys
Har ikkje tid til meir. Skal på party! Peace out!