Gamlestugo 

Gamlestugo i dag. Gråvær og regn på Tinnsjøstrånda gjorde at det var ypperlig å gjøre noko innearbeid. 5 umonterte senger i 2.etg på gamlestugo har venta på meg lenge og det var på tide å gå laus der.

Eg veit ikkje når gamlestugo på Moen blei uppført, men den e gåmmål (Mulig 1700 tallet). Da me kom til Moen var det bølgeblikk på taket over eit lag med sand. Det har vore torvtak. Omkring 2012 så bytta me tak. Me jobba kånn ned til himlinga på 1.etg. Isolerte 2.etg og lå nytt gulv der. Me kjøpte sperrer og materialer på Tinnoset sag og fekk nokre gode råd på kjøpet. Det blei takstein.

I 2.etg har det nå blitt sovesal.

2.etg fekk me to ekstra rom. I det eine har me satt upp 4 senger og ei barneseng. Dette gjorde me i dag.

Ellers så har me rivd det gamle elektriske anlegget. Gravd ny tilførselstrøm og nytt sikringsskap. Me har sparkla og mala stugo og kjøkkenet og tjæra stugo ein gong. Me har au bytta tak på skjulet og buret her. I buret e det au elektrisk anlegg og ett par sengeplassar. Noko av det fyrste me gjorde var å sage åpning frå stugo til kåvån (soverommet). Der er sengeplass for to.

13 av 17 barn døde

nordmoen
Buret på Nordmoen er flytt, men står fortsatt. Dette bildet er frå bygdesoga. Finnekåsa i bakgrunn. Det gjern nesten vondt å sjå på dette bildet og lese om at i løpet av eit par generasjonar døde 13 av 17 ungar. Ikkje heilt uvanleg på den tida.. Trykk på bildet for historia der eg fortell om det.

Historien til gamlestugo e interessant. Har skrivi om den før, men kort fortalt budde det folk her til 1960 tallet. Anne Moen var den siste som budde her og ho målte nedbør fe meteorologisk institutt. Noko ho vist nok var krøn av. Nokre år tidlegare budde systra og mannen hennar i gamlestugo. Anne budde da i kåvån. Ho lågå da mat til seg sjølv i ellhuset over åpen varme så seint som på 1950 tallet. (Slik var det vist nok i alle fall sommerstid). Les: 13 av 17 barn døde. (Her har det nok både vore fødslar og død. Kjærlighet, savn, sorg, glede og det som hører livet til. Desverre har me ikkje merka eit einaste spøkelse på gamlestugo.

Planen kånns rundt gamlestugo e å ha den til gjestehus, kursvirksomhet og skrivestugo. Her finn ein kjapt ro. Det e godt å stille bak tømmerveggane her og koseleg knitring frå ovn.

Gamlestugu- slik det såg ut da me dreiv å jobba med 2.etg og taket fe eit par år sida..