Mot lysere tider på Tinnsjøstrånda

I dag har eg kjørt bort resten av bjørka. Nå kan den ligge i vedlonna fram til våren. Gleder meg faktisk litt til å ta dei 6-7 furuene som skal barkes nå. Det blir trivelig jobb på våren. Sjølv om eg veit det blir surt. Det e alltid surt på Tinnsjøstrånda om våren. Det bles ofte og Tinnsjøen er isende kald. Vinden som kjem over vatnet holder vanligvis 0 grader. Uppe i skogen kan det være mildt og godt på den tida. Men ikkje nede ved strånda. Det e au bakdelen med å åpne landskapet, slik me har gjort. Moen ligg ganske greit til med tanke på den hardeste vinden, men trekken er kald heile våren. Så den vindtette fjellua er godt nedover øra til juni her heime. Men nå gjeng det i alle fall fort mot lysere tider. Dagen har allerede blitt omkring 2 timer lysere og det merkes godt.

IMG_5530.JPG

Eg kan ikkje unngå å tenke på Hydroferja som blei senkt i dag, mens eg held på. Den blei senkt 20. februar 1944 og det var dramatisk fe dem som var med. Ferja blei senkt mykje lenger nord enn der me bur. Me bur nesten på Tinnoset, mens ferja blei senkt halvegs mellom Mæl og Tinnoset, utafor Rudsgrend. Det var nok ein kald svømmetur kan eg tenke meg.

Da eg blei ferdig med å kjøre vekk tømmeret var eg på stabburet og vaska fenalåra i saltvann. Det hadde blitt litt mugg på dem så eg vaska dem. Håper det gjør susen. Dei var langt fra ferdige. Eg tenker litt på om eg skal henge dem i trekken fra Tinnsjøen borte ved verandaen fe å få fortgang på tørkeprosessen, men da må eg lage ei kasse av hønsenetting fe å holde fuglane borte… IMG_5532.JPG

Eg fyra upp på verksted i dag fe å gjøre litt småtteri. Eg har ikkje nøkå der borte på fleire mnd nå så det var på tida å ta ein kikk. Furukåten måtte eg ta ein kikk på.. Kom au på at det e på tide å dra til skogs fe å hente nokre kåter, mens det e sjo på bakken. Da kan bikkjene trekke motorsag å emnene.