Tinnsjøstrånda i dag

I dag har eg jobba med ved igjen. Felling, kvistrydding og sprøyting av stuv med rundup. Eg blanda frostvæske inn i rundupen slik at den ikkje frys. Mykje av kvisten har eg skuva ned mot strånda. Tenkte å fyre den upp som bålved når den har fått tørka litt utover. Eg valgte å sprøyte stuven, fordi det e ikkje sikkert at det blir graving av stuv i vår. Dersom det drøyer ett år så er det viktig at rønningen ikkje kjem for fullt. Men at stuven skal vekk på dette området er sikkert. Det blir enklare å slå grasset med beitepussaren ned mot strånda og mykje finare. Dessuten kan det hende at eg vil ha nokre frukttre ned mot Tinnsjø.

IMG_5522.JPG

Eg har tre björk uppe ved huset, samt 6-7 furuer som skal tas før eg gjer meg. Furutrea må eg ta  når det svår. Enklare å barke da. Har ein liten drøm om å lage nokre enkle bålplassmøblar av furuene. Men får nå sjå hått det blir til. Fattern var med et par timar i dag. Han hjalp meg å få lyfta stokkane litt på plass der me skal jobbe med vedmaskin.

IMG_5524.JPG

Eg brukar ein liten leddstyrt traktor til vedhogsten. Desverre har firehjulstrekken gått på den, men sperra funkar så den trekk på et framhjul om eg trykker inn den. Dette har eg ikkje fiksa, men ellers fungerer Holderen veldig bra. Den er svært anvendelig å kommå rundt med. Kjekk til å dra fram tømmeret med. Det er ein to- tromla Igland vinsj på traktoren. Sjå her for ein liten videosnutt av den: http://youtu.be/2pqzVML11yo

IMG_5523.JPG

Tunet åpnar seg fint ut mot Tinnsjå nå. Det e ikkje ferdig, men må vørå tolmodig. Det tek år å forme et landskap. Men det kjem til å bli fint når stuven e borte og markblomstene står i skråningen. For å minne meg sjølv på at det gjeng framover måtte eg i dag sjå på nokre bilder fra 5 år tilbake som viser litt av skogen og hvor tett det var. Småbruket var da både tilgrodd og falleferdig mange steder. Moro å sjå at det gjeng framover: (Alle bilder er klikkbare i større versjoner)
_MG_2280

Gregar på veg opp mot huset når vi så på eiendommen første gang.

_MG_2285

Området som det nå nesten ikke er noen tre. Foran gamlestua står kun 4 furuer som skal vekk i april.

_MG_2345

Moen sett fra Tinnsjå. Heilt tilgrodd. Åpninga av tunet har skjedd i fleire etapper. Årlig med Holder og vedhogst. Ein gong med hogstmaskiner. Tok ikkje alt da og har holdt på med dette i seinere tid også.

_MG_2793

Bakken opp mot gamlestugu sett fra strånda

_MG_4113

Tatt foran huset og nordover mot området som eg nå har hatt vedhogst. (Da hadde me fra før tynna litt ut mot vatnet, sjølv om det ikkje ser slik ut).

_MG_6627 _MG_6477 _MG_6482 _MG_6484 _MG_6564

Disse fem bildene er fra tida da me hadde hogstmaskiner på Moen.

IMG_1211

Et fra tida da gamlestugo blei pussa upp. Her gjenstår kun litt småtteri innendørs. Nesten ferdig.

Disse bloggpostene viser også området tatt på ulike tidspunkt dei siste åra:

https://villmarkshistorier.no/2012/04/28/sol-for-sju/ (Slik såg området ut etter hogsten i 2012.)

https://villmarkshistorier.no/2011/05/07/rosa-gummistovler-karius-og-baktus-og-aurefiske/

https://villmarkshistorier.no/2011/08/08/litt-fyring-att/