Stigen til fjells

La meg fortelle om i går.

Jon Ivar Finnekåsa er naboen min. Me har ein felles interesse for å bevare gamle stigar og tråkk i skogen. Jon Ivar er veldig godt kjent i Tinnsjølien. Han har gått mykje etter sau i området. Derfor tok me med kånn bikkjur, motorsag, øks og rydda ein av to stigar som gjeng frå Tinnoset og upp på Kåliåsen/ Lynnevikfjellet. Eg kan legge ut meir detaljert kart seinare ein gong. Det blei ikkje tid til annet enn å jobbe med motorsag og rydding i går. Me starta klokka 09 og var heime kl. 18. Det var mykje toppbrekk og nedfall i skogen og stigen har nok ikkje vore rydda på mange år.

_EP_2286

Jon Ivar og Prikken tek seg ein drikkepause under ein stor stein uppafe Haugero

_EP_2307-Edit

Det e bratt i Tinnsjøliun, men så gjer det au fine utsiktspunkt. (Med utsyn mot Blefjell og Follsjø.) *Klikkbart i større versjon

_EP_2351

Brendemo kan skimtes nede ved Tinnsjøen.

_EP_2369

Kaffikjelen må over bålet når det e tid fe pause. Den tok me når me kom upp på 850moh. Da e det verste gjort

_EP_2416

Deilbekk

_EP_2452

Jon Ivar e ein harding til å gå i fjellet. *Klikkbart i større versjon

_EP_2475

Eg kjenner meg heldig som har fjellet rett på utsida  * Klikkbart i større versjon

_EP_2471-Edit-2

Blefjell, Omsflug, Sønstevatn, Jonsknuten, Follsjøen . *Klikkbart i større versjon

Takk fe turen Jon Ivar. Kjempetur!