Filosofisk onani og trugetur i Tinnsjølien

Når eg gjeng brukar eg å tenke. Eg e glad i å tenke. La tankene flyte fritt. Som eit lauv i ei elv. I bakevja tek tankane nokre runder før det flyt videre. Brått og uventa. Det e typisk at når eg nesten hadde den klåre tanken så kastas lauvet ut av bakevja og ut i eit vilt stryk, som tek det vidare i andre kontekstar. Og før du veit ordet av det, e den trekt under og borte i skumsprøyt, skum og barnåler. Tankane e like flyktige som rim på ei varm rute. Det kan vørå ein passande metafor. Eller kanskje som neglesprett i ein varm vott. I augeblikket kjenner ein at ein e borti noko viktig. Eit streif av noko glupt. Men så løsnar heile meininga og knusas mot bakken og blir borte.

_EP_3998

Så hått leitar ein etter med desse tankespranga? Ein kjem neppe på noko nytt. Me e ganske like me menneske…. Ja, nettopp: Evolusjon og slikt. Gjer kånn ganske like. Det skal mykje tell at akkurat mine gener skulle treffe den geniale tanken. Den klaraste av alle tanker. Heilt skyfritt. Det skjer ikkje det veit du. Så hått e da poenget? Med å fundere og gronde etter slike klare tankar som tusenvis av menneske har tenkt før? E det meininga med livet ein leitar etter? Eller eit streif av livsvisdom? Ikkje veit eg. Eg e bærre slik lågå eg, at når eg e ute å gjeng så tek tankane sine egne vegar. Kanskje det e derfe eg har slik ein dragning mot desse tankespranga. Vørå aleine i skogen med meg sjølv og mine egne tankar. Det e ein slags filosofisk onani over det.

_EP_3956

Meininga med livet ja og evolusjon. Det e vel helst evolusjon det handlar om: Kjærleik, glede, savn og sinne. Så gjeld det å finne ein sti i livet da som ikkje gjeng på tvers av alt av evolusjon. Millioner av år med nedarvet genmatriale må man ha respekt fe. Ikkje vits å gå på tvers av det. Følelsar og lyst e intinktenes tale til kånn.

_EP_4033

 Lenger kom ikkje tankespranget i Tinnsjøeliun i dag. Tankerekka blei rykt av ein plass, der gråberget vart sliti av i eit vilt stup. Og ikkje lenge etter var trugeturen sammen med Hals over.

Fleire småtekster og dikt finn du her.