Lillejulaften 2013

20131223-114943.jpg

Det gjeng mot jul. På Moen e det glatt- holke og eg har måtte strø foran huset. Til og med i hundegården har eg måtte hive på litt sand for å slippe å havne på ryggkulen. Det e ikkje heilt uvanleg fe årstida. I terrenget ligg det framleis litt sjo, sjølv om det ikkje e mykje. Men dersom det kjem meir sjo så funkar det til nød som eit underlag.

Borte på skjolet stend nokre ski optemistisk i vintersola og ventar på litt betre føre. Sjølv om det e nokre smørefrie filleski så e det kon på myrar og jorde det gjeng å gå på ski nå. Sjølv fe ungane gjeng tankane mot andre ting enn skiturar om dagen. Sjølv har eg handla inn ein ny sparkstøtting med ski som eg tenkte å prøve. Sist sparketur gjekk nesten på helsa laus og så fekk eg eit tips om ein ny sparkstøtting og eg handla med brems. Bikkjene skal nok få jobba litt foran den når det kjem litt meir sjo i terrenget.

Då eg budde i Nord-Norge var det mørketid på denne tida og eg huksar finnmarkingane snakka om at det var rart å feire jul i Sør-Norge. Her e jo sola uppe sjølv på denna tida. På Moen har me kon nokre få timar sol på huset på denne tida. Klokka 10:40 kom sola på husveggen på Moen i dag og sola e uppe til 13:00. Men nå e me på veg mot lysare tider.

Innendørs har me nå pynta tre og gjer klart det som skal gjørås ferdig før Julaften.. Så nå kan jula komme på Tinnoset.

God Jul.

20131223-115005.jpg

20131223-115029.jpg

20131223-115044.jpg

20131223-115602.jpg