Dagens tur gjekk i bakkar mange

20131202-124732.jpgDet var bare Prikken som fekk følgje meg på turen i dag. Eg likar somme tid best å gå med ein hund på tur.

Hals fekk stå i hundegården i dag. Det såg ikkje ut til å gjørå han noko, fe han gjømde seg i hundehuset, da eg fant fram seletøyet. Kanskje ikkje så rart. Fe han var veldig sårbeina sist viko.

Det e småglatt på vegane nå og eg burde hatt piggdekk på sykkelen. Men det har eg ikkje. Derfe var det litt med hjarte i halsen. Eg valgte nemleg sykkel upp til Brekkevadet i dag. Planen var å gå uppover på susida Kåla mot Rue.

På vegen gjekk me langs med den nye trassen til Gaustaløpet, men der var det ikkje rydda skikkeleg ennå så eg e spent på om det blir skitrase der til veten.

Gleden over å ha så fint turterreng bak huset og uppdage nye vegar, bekkar og område gleder meg stort og prega meg au i dag. Eg tenkte au ein del på så lite friluftsliv i kvardagen ein kan ha fe allikavel å vørå fornøgd. Som småbarnspappa må man nokre gongar vørå nøgd med lite. (Blogginnlegg nr. 1231)

20131202-124703.jpgPrikken med utsyn mot gården Kåli, Raunuten og Ble. På tur uppover mot Nordnatten.