Skyttarkongen kjem frå Tinnoset

20130818-195904.jpgEg var vel omkring 10 år gåmmål da eg fekk eit luftgevær. Det var bestefar som kjøpte det i jolegåve. Det skulle vørå hemmeleg, men fettern min Roar og eg klarte å finne geværa, som var gjømt i skåpet på kjøkkenet i 2.etg. Kvar kånns luftgevær!!! Det var stas. Etter detta blei det både skiskyting på Reisjådalen (Børsa låg på standplass og blinken var pappkrus). Og da eg vart ungdom hadde Trond Bakken og eg det moro med å skote trost på Vonheim og på kjørkjegården fyri skulestart. (Eg tek sjans på å nevne det nå da eg reknar at saken e forelda).

Eg trudde nok ikkje at eg skulle ha meir moro med den børsa. Sida eg har slutta med trostejakt og skiskyting. Men i kveld skulle det bli moro att. Gregar og eg fant ut at me skulle prøve den gamle børsa. Ei finerplate på eit gåmmålt malespann og så var me i gong. Espen Andreassen kom au fe å bli med og etterkvart blei det hard konkurranse. Etterkvart blei kikkerten skrudd fast og børsa blei skutt inn.

Så nå ligg me i trening fram til 17.mai arrangementet i Gransherad til våren..

20130818-200025.jpg