Arbeidslyst

20130728-112941.jpg

Min morfar begynte å arbeide da han var 7 år gammel. Han måtte da gjete kyr på ein nabogård. Den handla vel om at foreldra hadde nok ungar å brødfø. Nokre måtte derfor ut å arbeid. Eg huskar han fortalte meg at da han gjekk med buskapen heim på ettermiddagen, så gjekk han forbi heime hos sine foreldre, men hadde ikkje moglegheit tell å kommå heim. Han fortalte meg au om da han kom på gården med buskapen, fekk gårdsguten mjølk frå kyra, men han fekk ikkje. Gårdskona sa at: – Du har vel smakt nok i fjellet kan eg tenke meg.

Det var hardare tider den gong. Bruk av skog og fjell, gleden over fiske og bærplukking lærte han av barnearbeidet. Allikevel konne eg ane ein viss bitterhet over å måtte flytte frå foreldra som unge. Arbeidslyst og pågangsmot hadde han rikelig av. Det måtte dei lære tidleg den gong.

I dag e det ansleis. Både på godt og vondt. Det ligg ikkje noko tvang i å hjølpe tell. Sjølv om lysta kan enkelt ledas. Gregar fekk ein 20- kroning fe å hjølpe meg, å lø ein pall med ved i vedskjulet i dag. Og det syns han var god betaling. Han maste fælt på at eg måtte slutte med denne fotograferinga. Fe veden måtte kommå fort i hus, meinte han. Og Niri han hjalp tell med å børå flis og kubbar i skjulet han au…