Gå laus på ein bergknaus

20130726-200501.jpg

20130726-200522.jpg20130726-200540.jpg

Det e noko eget med hjernelaust arbeid. Eg kallar det det. Arbeid som ikkje krevar særleg konsentrasjon. Som å arbeide med ved, klyppe plen. Eller arbeid med slegge, spett og motorsag. Ikkje fe det. Det e jo nokre gongar eit tiltak å ta tell. Men så fort ein kjem i gong, så e det ærleg, reint og befriande. Som eit glas keldt vatn.

I dag slo Niri (minstemann) og eg graset med beitepussaren. Og da det var gjort fant eg ut at det konne vore passande aktivitet i varmen å flytte litt flis frå hogsten over stuvane (som nå e skore nedatt) . På denna måten fær me sletta tell på utsida huset ned mot Tinnsjøen. Men etter nokre kjøreturar så gjekk hydralikk-stempelet på tippen på traktoren fløyten. Så da måtte eg gå over på nokre andre gjøremål og blikket falt på bergknausen mot Tinnsjøen.

Og fe ein befriande kjensle å gå laus på ein bergknaus. Ærleg og rein aktivitet i sommårvarmen. Fe så å sette seg foran bergknausen med ein kald Tuborg, når jobben e gjort. Og sjå over arbeidet og vørå fornøgd. Og mens man sitt slik og e fornøgd med seg sjølv (og jobben som e gjort) så uppdagar ein kanskje meir som må gjørås. Så da byrjar det å kløye i fingrande att. Og så tek det ikkje så lange tida før man gjeng laus på ein bergknaus tell.

<Episode 1 av bergknausen her.

<Episode 2 av bergknausen her.

20130726-200553.jpg

https://villmarkshistorier.files.wordpress.com/2010/11/bilde-725715.jpg (Slik såg plassen ut i november 2010, rett etter fyrste «hogsten» med Holdern) og her: https://villmarkshistorier.no/2010/11/27/holdern-og-tommerhogst/ Og dette var årsaken til at me høgde den fyrste gata ned mot vatnet: https://villmarkshistorier.no/2010/11/27/bredband-pa-bygda-krever-jobb/

https://villmarkshistorier.files.wordpress.com/2011/04/bilde-728628.jpg (Slik såg det ut utpå plassen i april 2011)

https://villmarkshistorier.files.wordpress.com/2010/12/bilde-736391.jpg (Slik såg det ut desember 2010)