Ein dag i trusa på Moen

20130719-202029.jpg20130719-202039.jpg

Gubben og Gamla låg og dro og ikkje fekk upp rota. Og Gubben dro, og Gamla dro og Einball, Toball og Triball dro, men ikkje fekk upp rota…..

Det byrja på formiddagen. Eg gjekk utfe huset og surra rondt i trusa. Og så luka eg litt i sandkassa til Niri. Og så falt blikket bort på bergknausen mot Tinnsjøen. Der Cecilie har snakka om å gjørå det fint med blomar og greiur.

Så klarte eg ikkje å holde meg. Måtte berre dra litt i noko små rønning. Så tok det av. Prøvde fyrst med Fiaten til fattarn og med frontlastarn. Så blei det høytrykkspylar, slegge, spett, to motorsager, øks, fleire spett. Så kom Holdern med vinsj tell.

Og folk strømte tell. Fyrst kom kameraten min Svein frå Su-Moen fe å besiktige arbeidet og kommå med nokre råd. Så kom svigerfar Jonny.

Ved meddagstider duppa eg meg i Tinnsjøen fe å vaske meg. Hadde jord frå tær til hårfeste og ei møkkete gvit truse. Så da var det å bytte til svart truse til meddag. (Me plågår å bytte tell svart tell meddag her heime, serru!) Burde sikkert gjett kånn da. Men så var det denne helvetes rota. Så var det ut å pån igjen.

Frå naboen strauma fleire mannfolk på. Fe detta ville ingen gå glipp av. Moro fe vaksne mannfolk å leike seg litt med spett, traktor og vinsj. Rallarne var noen bleikingar i forhold til kånn. Det var med enige om.

Skal ikkje gjørå det til noko vane å legge ut trusebilder av meg sjølv på bloggen… Men det var slik denne dagen gjekk.. Så bær over med det. Og rota den fekk med jaggu upp!!!!

20130719-202058.jpgTakk til Svein, Jonny, Arnt og Jostein….. Moro var detta!!! Og håss det gjeng med denna bergknausen skal eg jaggu følgje upp.. Den bergnabben der bør jaggu bli den finaste i mils omkrets!  Så nå fekk kjerringa press på seg.