Dykking og beising

Hadde eit uhell i år da ein kompis og eg skulle flytte ein morring. Så heile bøya mi kom under vatn. Nå har badetemperaturen i Tinnsjøen blitt nesten 13 grader så da blei det å dykke i dag for å få tak i kjettingen, skjøte og få opp ei bøye. På den måten skal me nok få flytta moringen på plass at når Fritjof e på plass. Gregar har tatt poenget nå og hylar ikkje lenger som ein gris. Han gjeng upp etter badinga og påstår at det var godt og varmt. Det e riktig innstilling Gregar. Må ikkje vørå ei pyse heller. Det e viktig å ta det som ein mann, serru. Du må hoppe i vannet og late som ingenting, sjølv om det kjennes ut som tusen knivar i huden. Ikkje vis svakhet.

Men gudane skal vøtå at det e kaldt å ligge å plaske i Tinnsjøen. Fe så å helle pusten og svømme ned til ein kjetting eit par meter onder vannflata og forsøke å gjørå noko fornuftig, mens all fornuft skriker: -Kom deg på land! Konne jo sjølvsagt tatt på ei våtdrakt, men det e jo litt godt au da. I alle fall etterpå.

Ellers gjeng det mest i latskap. Har beisa nokre vindskier med tjære einaste.

20130711-201846.jpg

20130711-202319.jpg

20130711-201830.jpgKan ikkje anna enn vørå fornøgd når eg ser på buret på Su-Moen nå.. Det blei knallfint med ny stein, nye vindskier og vannbord. Og så syns eg det blei fint med det lille bordet under steinane som skjuler nederste lekta…. Blei bra dettan! (Og slik så det ut i april.)