På ein merkeleg måte har løgn blitt ein del av sommeridyllen på Tinnoset

Det byrjar allereie på morgon. Det luktar sommår og nykokt kaffi. Ruslar ein tur i trusa, i dogvått gras, som nesten har tørka upp. Fe å klyppe seg litt graslauk. Og så lage seg ein god frokost med eggerøre. Nyte morgon. Og før halve dagen har gått så fylgjer man upp med badetur i nokre svale skogstjønnir. (Ikkje ein gong flekkeflugu kan øydelegge idyllen.) Og kvelden blir kanskje tilbragt ved ei skogstjønn med monsteraure. (Ikkje ein gong muggen kan øydelegge idyllen.) Slik gjeng dågån. Man vassar i barndomsminne dagen lang og suger inn inntrykk. Sluker latskap og jordbær med god samvet. Det e sommår det.20130710-203126.jpg

Eg fant ei almanakk i kjellaren her fe nokre dågår sida. Ei dagbok med notater over turar, trening, vær og vind. Eg såg på dagens dato og  konne sjå at eg hadde vore på fjellet her i nærheten sammen me ein kompis. Me hadde fått tri røyer på turen: 1,2kg, 1,8kg og 2,2kg. Eg huskar godt den turen, sjølv om det e 13 år sida. Det var fangst det. Me møtte ein kar på tur nedatt, kan eg huske. Eg stod fe pratinga. Med sekken full av stor røye, laug eg det beste eg konne. Dårleg bett, aure med stor skalle og lang tynn kropp (Full av makk). Det rare var at mannen eg møtte nikka og var enig. Han viste sjølvsagt om vatnet som me hadde vore på. Slik stod me altså å laug kvarandre rett opp i trynet. Og såg på den andre med respekt og forståelse. Det var ein bra mann, tenkte eg. Han var god til å ljuge. Fiskevatnet e trygt der.

-Lite har forandre seg sida den gong, tenker eg. Folk spørr hårr eg fekk kilosfisken. Eg lyg så det renn av meg. (Med god samvet). Og Gregar har lært det samme.-Om nokon spørr hårr fisken Pappa fekk e tatt, så må du svare Tinnsjøen eller Åa, sier eg tell Gregar. Det e lov å ljuge om fiskevann serru, sier eg. Men ikkje om anna. Det e stygt. Men når det kjem til fiskeplassar så e alt lov. Det e faktisk bra å ljuge da. Og du treng ikkje si det med ein gong, sier eg. Det beste e at dei fær lure det ut av deg. Løgna esså, forklarer eg. Sannheten må du ikkje fortelle. Det e det verste du kan finne på. Og det beste e å si at fisken blei tatt i eit stort vatten som Tinnsjøen, Sjåvatn, eller liknande, sier eg. Da unngår du mistenksomhet og nye spørsmål. Sier du at det e hemmelig, så gjer du deg fe interessant sier eg. Og aldri fortell om småvatna, sier eg. Eg har fleire gongar upplevd at fiskevatn har blivi øydelagt sier eg.

Guttongen lyttar interessert og uppglødd. Glad fe å få lov å ljuge. Og slik har på ein merkeleg måte løgn blitt ein del av sommeridyllen på Tinnoset.

20130710-202841.jpg