Ikkje ta fisken med på soverommet

20130709-231429.jpg

Hals og eg tok kånn ein tur i kveldinga. Og kan ein kar be om bedre selskap? Hals sitt roleg og ventar med kløven på. Helst ved sida meg. Da blir det litt småprating au. Og Hals lyttar tolmodig. Og så finn me kanskje ut at det beste e å helle kjeft ei stund. Og da sitt Hals å duppar litt av. Blir så trøtt av å sitte slik å sjå på åa og fiskestonga.

Prøvde fiskestonga i kveld.  Men i kveld dro me i åa. Synd at det var nordavær og vind. Han var ikkje i bettet. Blei vassfis fe fyrste gong på lenge. Hadde eit kon eit napp. Men det spiller ingen rolle. Turen og selskapet var bra.

20130709-231443.jpg20130709-231451.jpg

Auren som eg fekk i gjår heilstekte me i ømn i folie. Hadde hakka grasslauk, lauk og sitronpepper inni. Stekte den ein time på 200grader. Det var akkurat passe.

Auren vog 2750 gram ferdig sløyd (Kjøpte digital fjærvekt i dag). Så 3kg som eg anslo ut frå badevekta trur eg e riktig. Badevekta skiller kon pr. 100 gram.

Eg fekk ikkje fortalt det beste med fiskehistoria frå i gjår. Eg tok fisken på makk på botn. Da eg kom heim var eg sjølvsagt litt i hundre og eg kom til å dure rett inn på soverommet til kjerringa som hadde lagt seg. Der slo eg på taklyset og vifta med auren.

Kjerringa mi e ganske tolmodig. Men da blei ho forbanna. Ho meinte det var unødvendig å dryppe blod og fiskeslo inne på soverommet. Ho ba meg pelle meg ut, men eg sto på mitt. Eg ville at ho skulle bli med ut, fe å få tatt eit par bilder av meg med fisken. Eg hadde kon mobilen med meg på tur og det konne vore artig å hatt nokre bilete av fisk og fiskar. Tilslutt gjekk kjerringa med på detta. Så stod ho upp og blei med ut fe å ta nokre portretter. Og der sto ho altså å tok bilder av meg og fisken min i nattkjolen, mens mugg og anna faenskap var bitevillig.

Hått kan eg si.. Kjerringa mi e slettes ikkje verst. Men eg trur auren skal ligge at på kjøkkenet neste gong. Ho lika ikkje å ha den på soverommet.

(Og slik fe ordens skyld. Kjerringa e slettes ikkje noko negativt ladd ord her på bygda.)