Høneuke

Barflekkane har blitt større enn sjoflekkane på Moen nå. Tinnsjøliun e nesten sjofrie, men på åsane e nok framleis sjoflekkane større enn barflekkane. Fe det e seint i år. I 2012 hadde eg satt ut båten fe lengst og dreiv med garnfiske på denna tida (https://villmarkshistorier.no/2012/04/20/e-vel-pa-tide-a-prove-litt/) I 2011 satt eg ut båten 17. april (https://villmarkshistorier.no/2011/04/17/fyrste-mann-pa-vatnet-i-ar/) I 2010 gjekk det i leik og 20. april dette året fekk eg sjå fiskeørnparring på skauen. (https://villmarkshistorier.no/2010/04/22/kun-tida-og-vegen/) I 2009 var fyrste året med feltblogg frå mobil og da var parring på leiken 23 og 24 april (https://villmarkshistorier.no/2009/04/24/skogsporno/)

Eg tippar det e litt seinare i år enn dei siste åra, men homla har begynt å suse på Moen på dei varmaste dagane og da e det nok fart innpå. Eg skal på leik to eller tre netter i år.. Det blir 24, 25, og 26. april. Satsar at det e rektig tid….. Fe eg har tatt meg ferie i høneuka i år au. Det har nesten blitt tradisjon..

PS: Malar strøk to på gulvet på gamlestugo i kveld og da e me nesten ferdige der inne fe i år.. Kjøkkenet skal malas til vinteren etter at det e strøm og varme på gamlestugo.

20130422-092753.jpg

20130422-092808.jpg

20130422-092819.jpg

20130422-092828.jpg

20130422-124601.jpg

Og dette var blogginnlegg 1078.