Upprydding og leiteaksjon

Dagen startet med arbeidslyst og glede. Glede fe at ryggen har blitt mykje betre, etter at den har fått kvile frå skia. Så da starta Gregar og eg å rydde snekkerverksted. Det blei pussa, rydda og sopa. Så gjekk me laus på buret, som blei rydda, sopa og støvsuga. Dei to rådyrsteikene som heng der, har tørka mykje upp den siste uka og har nå fått nesten riktig hardhet. Eg skal la det henge litt tell og så skal eg fryse det ned. Tenkte å gå laus på det eine til St. Hans. Moro har det vore med denne spekinga og eg har lært mykje. Sammenligna med den salte jævelskapen ein fær kjøpt i butikken e det ein delikatesse.

Nå vel. Tilbake til håss dagen gjekk:

Etter at snekkerverksted og buret vart rydda, var planen eigentleg å pusse listene rundt glasa på gamlestugo og salmiakkvaske der. Men så vart pus borte fe kånn. Sist gong den var sett var utafe huset, da Per, Cecilie, Gregar og eg drakk kaffe. Etter det hadde ingen sett pus. Så vart det å leite. Fyrst inne. Åpne alle dører og skap og åpne kjellerdøra. Pus har det med å smette inn og sovne på dei raraste steder og me hadde ikkje særlig tru på at han hadde lagt ut på lange ekspedisjonene utendørs. Utendørs e nemleg både kaldt på potane og vått, syns Pus. Men så var det det at ingen konne minnas å ha slept katten inn. Tankene byrja å svive om han konne satt seg fast ein plass eller var tatt av hønsehauken. Gregar hadde fe lengst konkludert. – Pus e dau, meinte han. Han e kjørt i hjæl. – Fe pus har jo ikkje lært seg å ferdas med bilar og trafikk.

Timane gjekk og me gjekk rondt og leite og lokka. Etterhvert engasjerte me både hjølp frå Gransherad og naboane i Finnekåsa. – Hadde det bærre ikkje vore fe det helvetes Tinnsjøvegen og sondagstrafikken så konne ein kanskje hørt noko au. Ja, ja. Snart e det slutt på dessa alpinturistane til Gaustablikk og da bli det vel litt meir stille, tenkte eg..

Utendørs sjekka me saga, buret, snekkerverksted, gamlestugo og eldhuset og alt av matrialskjul osv. Men ingen pus. Ingen mjauing. Ingen skraping. Ikkje ein lyd.

Så fant eg ut at eg skulle ta Hals ut av gården fe å få litt lyttehjølp. I naturen har eg mange gongar hatt nytte av bikkjenes sanser og kan løså på bikkja hått dei kjenner. Men Hals var ikkje interessert i anna enn meg, diverre. Han ville ha kos og skryt, men å leite det skjønte han ikkje noko av. Så da fekk Prikken prøve seg.

-Kom igjen nå Prikken. Finn nå pus e du grei!

Og Prikken snusa. Fyrst bort til huset der Pus vart sist så gjekk nesa med halen som propell ein runde på plenen, før den ronda hjørnet på huset. Fyrst nordover, så austover. Så gjekk han inn på eldhuset, eller skjolet som me plågår kelle det. Der blei han jågå ut av fattern. Men sida eg såg at bikkja hadde så los så gjekk eg inn og ropa på pus, men eg høyrde ingenting. Seinere gjekk Prikken ein tur bortom gamlestugo (og det e rektig at pus hadde vore der tidligere på dagen,men ikkje i dag).

Nå vel. Prikken fant heller ikkje pus. Dvs. han fant ein pus mellom Finnekåsa og  her og skremte den faen- i – vill, men det tells liksom ikkje heilt.

Ved ni tida gjekk eg framleis rundt. Nå med hodelykt og så til slutt hørte eg nokre pip borte ved eldhuset. Og så såg eg det blenke i nokre augor onder huset der og ut kom pus. Akkurat på plassen som Prikken hadde fonne. – Det e gutten sin det.  – Slikt blir det kjøtt til kvelds av, veit du kamerat. Du lukta rektig du veit du. Klarte ikkje heilt å markere, slik at eg skjønte det, men allikevel. Det e gutten sin det. – Du kan mykje meir enn å springe Finnmarksløpet du veit du kompis.

Så akkurat no, e ikkje ryggen god (Etter så mange timar tråkking. Pus var borte i 6 timar og det e ein god bonus etter å ha jobba sida morgon).  Så det e rart au. Glad var eg på morgon fe at ryggen e god. Og glad e eg på kvelden, skjølv om ryggen e heilt av. – Humøret e vist godt uansett eller hått skal eg tenke om det, lurar eg.

Men uansett var gleden stor, når pus kom fram. Champisen blei spretta på Moen i kveld. Og bikkjun fekk kjøtt og katta fekk kos. Fe eg byrjar å bli glad i den katte- jævelen! Katten har for lengst blitt eit fullverdig familiemedlem. Trur det skjedde ein gong etter at Niris fyrste ord var; «Puuuuhh». Og stolt e eg au over Prikken, sjølv om eg ikkje skjønte hått han meinte. At snikkarverkstedet e ryddig og buret like så. Det kan man også feire…..