Langs elvejuv og gaupefar og langt fra trikkeskinne-skispor

Dagens tur gjekk fyrst med Blefjell midt i mot. Ved vatna satt folk på barflekker og fyra kaffe, mens andre sto på isen og pilka. – Hei og god dag, sa Hans Olav og eg. Så gjekk med videre. Fyrst over fleire isar. Seinare inn blant vanskelege føre. Der gjekk bikkjun gjekk tell skuldrene i laus sjo. Svømte seg framover. På flata så gjekk det nå brukbart allikevel. I bakkane måtte trugene på og skia fikk plass på pulken til bikkjene. Så var det å gå foran for å tråkke spor, men stadig måtte me tilbake og hjølpe bikkjene da det var løst. Men framover gjekk det. Her var terrenget for vanskeleg for ski, men så blei det hardere snø inne i skogen. Der fulgte me eit gåmmålt far,  som nok har blitt bruka til tømmerkjøring med hest. Der var liun stupbratte på begge sider av stien. Bikkjene sprang bak og med stivt drag på pulkane, fekk dei jobben med å bremse sjølv.

20130328-191453.jpg

Foto: Legg merke til gaupesporet innerst i bildet. (Og så har den sitti ved steinen og skiti )

Nede i juvet fant Prikken seg ein gaupedrit å tygge på. Det syns han var snadder. Hans Olav og eg syns det var spennandre me au, så da var alle guttane fornøgde. Då me omsider kom kånn ned til Tinnsjøen var sola på veg ned. Men me fyra kånn kaffe og pølse allikavel og Hals satt ved bålet og duppa av. Han hadde problemer med å holde seg sittende, for stadig duppa han av. Da datt han over mot sida. Eg trur han vart litt sliten av all svømminga i laus- sjoen.

Han e forresten ein snodig skrue han Hals. Han gjeng nesten ikkje om ikkje eg e bak han. Han skjønnar liksom ikkje hått han skal om eg gjeng foran f.eks: sammen med Prikken. Hans Olav fekk jobben med å få bikkja til å gå. Det e som om ell luft gjeng ut av bikkja. Så etter ein stund bytta med litt, slik at eg gjekk med Hals og Hans Olav gjekk med Prikken. Då gjekk det betre. Men det e alltid litt dumt å la bikkjene få lov å bestemme så med bytta nå tilbake. Hals tok seg litt innat mot slutten, men dei gjeng ikkje særlig gvast aleine nokon av guttane, sjølv om Prikken har tatt seg upp og Hals gjeng greit sammen med meg. Hals kan gå greit sammen med andre han au, men da kan ikkje eg gå foran. Det e så deprimerande syns Hals.

Så avslutta med turen med Tinnoset og Moen midt i mot. Og bak blinka Lifjell gyldent som Soria Moria slott. Då var Prikken storfornøyd for nå kjente han seg att og han klynka og småbjeffa og hadde det travelt med å komme seg videre. Sjølv gjekk eg og sleit med den vonde ryggen min, men det fekk eg tåle når turen hadde vore så fin. At Prikken sprang fleire kilometer på egenhånd, med pulk og heile sullamitten på asfalten: Det er ein annen historie og den er gløymd nå. Kan ikkje dvele ved slikt. Sjølv om det både gjorde turen kraftig forsinka og litt dramatisk.

20130328-191506.jpg

Hans Olav studerer gaupedriten

20130328-191520.jpg

Rådyrhår i driten (om ikkje hjort)

20130328-191534.jpg

 

PS: Når bikkjene gjeng sammen to og to så gjeng desse bikkjene som dynamitt. Men aleine så har dei ikkje heilt taket på det ennå. Prikken e au litt liten fe min smak. Han e ivrig, men ikkje så sterk som litt større bikkjur. Både Hals og Prikken har eit stykke igjen for å bli like gode trekkhunder til akkurat slik aktivitet som dettan som f.eks: Fenris og Odin var i sin tid. Om eg gjekk foran å brøyta låm fe dem kara så var dei veldig ivrige etter å kommå etter. Det e au Prikken foresten, men han e på langt nær så sterk som ein grønlandshund.

Hals gjeng greit om han skal brøyte. Prikken e ikkje like hard til å brøyte aleine ennå, men tipper at det kjem seg. Men nå har eg bestemt meg fe at dessan bikkjun skal eg ha. Neste gong (om eit år eller to) så blir det sannsyneligvis ein valp som eg kan lære upp sjølv (Slik eg gjorde med Fenris og Odin). Prikken og Hals har au mykje fint å lære bort f.eks: i møte med andre bikkjur i skiløypa. Då må imidlertid bikkja ha sjans til å bli ein stor sluggert av ein rugg på 30kg + (ikkje mindre enn Hals.)

Ja, ja.. Kjem a tilbake til håss det gjeng. So long (Som me si her i Telemark)