Sliten på fjellet

20130203-124514.jpg20130203-124522.jpg

Tjønnstul- Haugestul- Sjåen- Sjåflottin- Torvlia- Kråkåstjønnin- Kyllingen- Rånnebua- Tjønnstul

Hadde ikkje planer om ein så lang tur og det blei tøft da halve turen gjekk etter nokre dågår gamle ski/bikkjespor. Ja, noko av turen gjekk au i ubrøyta. Kjente det både i ryggen og generelt sliten fe eg hadde tenkt bærre ein liten tur ut frå hytta. (Det e ikkje så lenge siden eg fekk brudd i ryggen) Turen e vel 2,5 mil omtrent og det kjente både bikkjer og eg. Hadde vore greit om eg hadde hatt med drikke og niste. Men eg hadde ikkje eti sida frokost og var sulten og tyst. Eg hadde au vore ute eit par timar før eg strauk avgårde uten kjerring og ungar. Særlig frå Torvelia til Tjønnstul blei tøff. – Men eg har gått kroppen tom før eg, så det fær nå gå, tenkte eg. Sjølv om metrane blei lange frå Torvlia og upp Kyllingen.

20130203-124529.jpg

Størst bekymring hadde eg kanskje fe håss kjerringa ville ta det at eg var borte heile dagen. Det var jo bursdagen hennars og elt ting i dag og da plågår det ikkje vørå populært å stikke heile dagen på fjellet. Derfe stoppa eg ikkje på Rånebua hos Tom og Lalla fe å drikke, sjølv om kroppen skreik etter væske og mat. Hasta bærre videre fe å kommå upp til hytta på Tjønnstul.

Ganske greit gjekk det vel au med ryggen, sjølv om eg var redd ned Rånebubakkane. Tenkte da at detta skal eg aldri meir gjørå. Hals blei veldig sliten og lå seg ned fe å kvile, så fort eg stoppa. Fant gjorde ikkje det, men han jobba ikkje så godt heller. Fant trakk ikkje anna enn på oppkjørte spor. Da gjekk han greit nok. Ja, det vil si at han tok at litt mot slutten. Det skal han ha. Og han gjekk med rova upp heile turen og lika godt når eg lova bort to foringar til kvelden om dei bærre ville trekke litt tell.

Eg hadde forresten gjort det enklare fe meg sjølv, om eg hadde kryssa Sjåvatn frå Kråkenes til Busnessjåen, i staden fe å gå i ubrøyta langs suenden. Det hadde blivi litt lengre, men mykje lettare. I alle fall med dei ski og bikkjer eg hadde med i dag…. Enklast hadde det vel vore om eg hadde tatt med niste og i det minste drikke. Det var 7 timar ute på ski før eg kom i hus att (5 timar på turen som eg har skrivi om her). Og eg hadde ikkje noko 5- minutt. Så eg fær prøve å begrense meg ein annan gong. Det e ikkje så smart det der, men det e vanskeleg å gje seg og plutseleg så si kroppen stopp. Men moro e det nå å sjå å langt ein klarar å presse seg, sjølv når ein egentleg ikkje orkar meir. Det e ganske lenge det.

Eg har mange gongar komme ganske arm heim tell hytta. Huskar at klokka ein gong hadde passert midnatt, før eg sjangla meg innafe veggane der. Så slik sett har nå ikkje kjerringa stort å klågå fe.. Eg var nå tross alt inne klokka 17.  Men skal sant sies så var eg vel ikkje det beste selskapet, resten av kvelden. Så litt dårlig samvet må eg innrømme at eg hadde. Og eg skulle ønske at eg hadde begrensa meg mhp ryggen au, fe trur ikkje det e noko poeng i å overdrive. Ein annen ting e au at fyrstikker og kjele bør ligge i fjellsekken, ei sjokolade hadde au gjort godt….

Mens eg gjekk (og hadde det på det mørkaste) så draumde eg meg litt vekk. Fær sjå om eg kjem inn på dei turminna ved ein seinare anledning..