Her ligg leikegrinda mi

Bildet er klikkbart i stor versjon

LEIKEGRINDA MI

Kålidalen ligg i vest nedfe Venåsfjell og Kåliåsen
Vegen e bratt upp dit.
Over Oshegna, over Spangemyr og upp mot Venås langsmed Kåla.
Det fær bli på trug dei fyrste 5 km.
På trug og med ståvår
Der fær bikkjene springe bak i spora.
Skia e bonde bak på pulken
Det bli nok tungt nok fe det

Frå Venås gjeng det fort på ski:
Gvammen, Veslero, Åkroken, Grastjønn, Tjønnebotn
Om eg da ikkje tek av ved Åkroken fe å gå upp Rånebubakkan
Jau! Det gjer eg. Der fer eg enda meir syre.
Det gjer meg ingenting nå, fe eg kjenner meg sterk og seig.
Kraune over Rånebubakken e fe pingler.
Kom igjen bikkjer! Upp bakken! Upp bakken.
Dettan kostar meg ingenting.
Det e så lett
Endeleg svir det litt i pusten
Kaldt, deilig befriande og akkurat passe vondt
Slik som i bakkane frå Brekkevadet til Venås.
Dei svir godt dei bakkane der.

Over Holmevatn med skøytetak og stavtak.
Ned til Torvlia og Bekkestul fe eg gjeng upp tell Sjåen
Kan kanskje ta ein rast i granliun der.
Kviste litt bar av ei gran tell å sitte på.
Knekke nokre kvistar av ei gran og få ein kaffikopp
Og ei skive med bronost. Stekt på bålet.

Lange skøytetak over Sjåen.
Bikkjene travar godt. Over tell vestsida.
Ikkje suover. Har gått der au mange gongar au.
Mellom Jønnbu og Sjølvju tell Kråkås eller sommårvegen til Tjønnstul
Nei. Ikkje i dag Vestover i dag. Mot Kråkenes.
Møter uppkjørte trikkeskinner der
Og byfolk med kondomdress frå millionhyttun på Flufonfjell
Hei, hei si eg. Men dem svarar ikkje. Ser berre dumt på meg.
Fjellfolk har vist slutta å helse nå.

Så momlar han noko om at bikkjer e juks
Den idioten! Eg hørte det a i forbifarten.
Han sku nok blitt med upp Venåsbakkane han stuten
Så sku me vist han hått han e lågå tå
Kom igjen guttar: Full fart! Ja, ja!

Turen gjeng ned over Tiurhaugen og Steinsarmen
Vil ikkje om Bitringsnatten og Grimestul i dag.
Venstre! Venstre! Ned til Tjønnstul.
Ned bakken kjører eg fyrst.
Bikkjene må springe bak.
Dem har lært nå.

Heimat gjeng det raskare
Må vørå forsiktig
Frå Venås og ned må trugene på.
Vil ikkje brote tå ryggen att.
Bikkjene spring bak. Bremser pulken
Seletøyet godt over øyro.
Gløymte eg å fiske på Sjåen?
Det sku eg gjort. Nå e det fe seint. Det fær bli utfe Moen.
Vasefiske i bekken ved Finnekåsa.
Der stend auren.
Eg likar vasefiske best eg.

Ja, da var eg vel heime att da.
Det var litt av ein tur
Om så berre i tanken i dag, så kanskje seinare i vet.
Slik flyg tankane når eg ser på kjente fjell og åsar
Blandar sammen fantasi, draumar og tidligare upplevingar

Fe dettan e leikegrinda mi
Og her har eg fore overalt. Mang ein gong.
Men eg bli elder (aldri) mett.
Sjå Kåliåsen.
Den markerte ryggen.
Der e det fint å gå upp.
Det skal eg vente med tell barmark og når bikkjun brukar sekk.