Om jobbing og vørå fri

Austover i 2012 (Og i 2010): Høsten 2010 høgde eg ei gate ned tel vatnet slik at me skulle få inn internett via antenne frå Breidal på andre sida Tinnsjøen.

Tunet har blitt bra åpent ut mot Tinnsjøen sida den gongen, sjølv om det e nokre flisar tell som skal nedpå før eg e fornøgd. Men det begynnar i alle fall å likne på noko.

Båt- trafikken e over fe i år. Eg trur ikkje det e båtar på vatnet lenger nå og om kulda fortsetter så blir det nok is i år au..

Arbeidslysta har vore bra på Moen siste to åra, men nå har eg gått skikkeleg lei. Det e ikkje stort eg gjer om dagen nå.. Litt pussing på gamlestugo og diverse. Fær hjølp til å legge inn strøm der borte nå (Gravde kabel i sommår.) Så da blir det nymalt og nytt el- anlegg der. Målsetningen e ikkje større enn å bli ferdig før sommårn. Da e det nemleg nok å gjørå utendørs. Dessuten kjenner eg at eg e ganske rastlaus om dagen og eg har lyst til å kommå meg litt til fjells au. Ikkje bærre jobbe og slite som ein maur.