Jerv på åte

Skal fortelle hått dettan dreier seg om. Det e fleire enn eg som har åte ute. Ein kompis av meg hadde jerv på åtet sitt i nått. Litt meir eksotisk enn korpen som landa på åtet mitt i gryninga i dag. At han sendte bildet til meg var sjølvsagt moro. Eg har hatt tilbud om å komme på besøk til åtet hans i fleire år, men det har ikkje klaffa. Fær sjå hått som skjer ut på våren. Kanskje det blir eit besøk. Me fær sjå.

Sjølv har eg vore sjukepleiar dei siste par dagane. Hals og Fant har måtte vore aleine i hundegården og Fant har vore utolmodig og springe mykje rundt i gården og ula litt. Det har gjett seg når eg har komme heim så eg e vel blitt populær av nykomlingen. Han har også mjuka upp ein del nå. Ja, faktisk ikkje bærre Fant, men Hals har au trivas.

Det har vore god trening fe Fant å stå i gården uten tur dei to siste dagane. Måtte vore roleg i gården med Hals. Knytte seg tell han. Ja, og så har dei fått komme et par turar inn i huset både Fant og Hals. Det har funka godt.

Så blir det meir trening med bikkjene i morgo..