Fiske i dag

Da har Per og eg lagt ut gån i dag. Eg lå ut 2×2 gån på 1,5meter høyde og ett dobbeltgarn med 3 meters høyde. Per lå ut 3×2 gån 1,5 meter høyde. Skal bli spennande å sjå om 3metringen kjem til å fiske.

Det e fint å lære gånfiske av Per. Han brukar å greie gåna over pinne eller gjennom ein ring og upp i bytta att, slik at dei e enklare å køyre ut aleine. Har ein gånet på pinne e det vanskelegare å legge ut gån aleine. Spesielt i vind. På bildene ser man håss han køyrer ut gåna sine .

Det var veldig fint på Tinnsjøen i dag. Gjeng mot haust nå. Lauvet har begynna gulna og det e kaldere i lufta.

Heldige e me som fær vørå ute slik å kose seg i fin Telemarksnatur. I dag e fyrste dag på veeeldig lenge at eg har hatt tid til å ikkje jobbe. Bære vase rundt med fiske og ut med saltstein og slikt småtteri. Det kjennes veldig avstressende og godt.