Lengsel

Eg satt ved bålet og lengta inderleg
Etter livet i bygda og ho som venta meg
Søthunger, fetthunger, gnagsår og knott
Pinsel sterkare enn det som var godt
– Ned med telt og kjele. Ta fatt på den lange veg
– Tri dågårs marsj til bygda e ikkje stort fe deg

Sekken var lett etter to vikur slit
Vegen var kortare heim til mitt
Men tvisynet gnog i kroppen min
Glad var eg ikkje som på vegen inn
– Slike deilige linjer hos kjerringa det e
– Fråtse i kvinnfolk, det e no` eget med det

Heime var alt som det bruka å vørå
Jenta var varm eg burde ikkje klågå
Men magan stoppa fort jamret etter mat
Og tanken byrja snart gå tell fjellet att
– Sekken ventar, kom å bli fri
– Fjellimellom ventar fiskestonga di

J-EP 2012 (Foto: Alaska 2011, 7d,  EF: 70-200 IS USM L: 70mm @f9, 1/640sek)

Fleire dikt finnes under «Småtekster og dikt».