Flyktige tankar og Storegut

Flyktige tankar og Storegut
FLYKTIGE TANKAR OG STOREGUT

Eg sitt på Breidalnuten og ser over på Moen
Venter på Storegut
Før gjekk han dagleg
Bandt sammen Notodden og Rjukan

Industrisamfunna
Norges veg ut av fattigdommen

Han var ein gluping han Kristian Birkeland
Han var ein skarping han Sam Eide
God symbiose frå ulike verdenar

Før han gjekk Amonia og fyri det gjekk Hydro
Det var Hydro som gjekk ned onder krigen-

Heltar frå Telemark
Og nå e au Kjakan borte
Kirk Douglas au sannsynelegvis
Eller hått veit eg.

Hått tenkte eg på?
Slike flyktige tankar

Ferjene ja. Det har vore mange.
Ferjetrafikken e gamlare enn Hydro
På hotellet bruka dem huse turistar på veg mot Rjukan og Rjukanfossen
Århondreskiftet og Nasjonalromantikken.
Snakk om innertier

Nasjonalromantikk,
Industrieventyr
og hått e det nå? Verdensarv?

Blueskommunen kallar me vist kånn.
Hått e nå det?
Det irriterar meg
Låge ambisjonar!! Alt for låge ambisjonar!
Blues- Blues- Blues
Jada.. Det  e kjempebra. Koseleg med blues
Koseleg med blues i hus og utomhus.
Kultur det også. Me treng litt blues.
Ikkje bærre felemusikk. Sjølv om det e knall det au.
Men hått med noko som e her heile året?
Hått med natur, kultur og historie?
Det har me mykje av.

For ei naturperle.
For ein historie.

Håpar dem fær nokre pangbilde tell verdensarvsøknaden.
Eller selg dem seg med bilder av samme kvalitet som i Telen?
Huttetu! Ja, kanskje det.
Da blir det ikkje godt å selge seg inn.
Pravda- avisa i nedre bydel som nesten har glømt Gransherad.
Skal bli spanande å sjå avisa i morgo
Sjølv om den avisa kan irritere, så må man ha den med seg au.
Viktig lokalavisa
Men bildene: Huttetu!

Eg sitt å tenkar på Moen og åra frå krigen og framover
Kvar dag rusla Johs Kaali over tunet frå Nord-Moen til snikkarverksted
Fe å jobbe. Han var nok uppe i otta den karen.
Fyra verksted varmt.
Og 4700,- kroner bruka han på ein høvelbenk i 1949. Eg fant kvitteringen.
Det var satsing på bygda det.
Det var fyri Kina- importen

Den gong Storegut brøyt isen.
Propellrøya.
Det var vist fiske det.
Balansere på isflaka. Spenning i kvardagen.
Da var det mykje folk på Tinnoset .

Det e halvannen år sida me tok over nå. Tida gjeng fort. Nok å gjørå.
Endringar skjer gradvis.
Gløymar. Huksar knapt håss det var
Må huske å ta fleire bilde.

Lurar på om det blir fint med gårn- naust der, forresten?
Eller bør det ligge der?
Badstue. Det hadde au vore noko.
Og hått skal eg bruke plattingen tell?

Ja, ja. Eit år a gongen.
Rekk ikkje meir enn tak i år.
Fær sjå etter at sneipen kjem
Kanskje måle verksted au?.

Men der kjem han!
Storegut kjem!

Så stor han e

——————————–
Eit bilde fra fyrste året (Før desember da eg høgde ei gate ned mot vannet)

To bilde frå våren i fjor fyri hogsten: