Fiske med motgang

Det har seg slik at eg lå ut gån i gjår. 2 doble gån med litt hjølp frå fattern. I dag sku Gregar og eg trekke gåna. Det fyrste gjekk fint. Ein fin aure i gånet. Det var på det andre at helvete byrja. Lina til garn- flæra rauk. Så var det å prøve å fiske opp det siste garnet, men det blei med vona. Eg har lite erfaring med slikt og rota langt og lenge. Gregar søvna i båten te og med og våkna fyrst da «Goffa» kom fe å hjølpe te. Han hjalp kånn ein halvtimes tid, men så måtte han stikke og da sto eg at aleine og rota fælt.

Jon Ivar ringte meg og tipsa om å bruke større lodd så da henta eg ein grov kjetting med krok i begge endar og liten dregg som skulle huke seg fast te gånet. Men tel slutt blei han lei av å sjå på og ringte upp at å tilby seg å hjølpe meg. Det var enda godt fe da hadde eg rota mange timar.

Av dei fire gåna har eg nå kon tri. Det siste måtte eg kutte upp. Det var synd fe det var eit nylonsgån og ikkje som dei gamle bommulsgåna som på bildet. Dei ventar på dynga.

Sjølv om me rota litt så blei det noen fine fiskar til meddag i morgo.