Ved

Seinhaustes i fjor flytta me inn på småbruket ved Tinnsjøen. Ved haustbåla og ved vedovnen lå me ein plan fe arbeidet. Fyrste steg var å få sola ned på husa. Området bar preg av planta skog som ikkje var tynna. Detta så ikkje fint ut. Hogsten har både foregått manuelt med traktor og vinsj. Og med sekshjuling. Brøyta veg på isen på Tinnsjøen. Mesteparten: Omkring 400 m3 har me hatt hogstmaskin til å tynne. Mykje av kvisten kosta me på å flise upp fe å lette ryddearbeidet.

Tilbake har det vore mange sekker ved som er kappa med motorsag eller vedmaskin. Kløyvd og lagt i storsekk på europall. Til nå har me gjort 33 storsekkar og ett par tilhengerar med ferdig kløyvd ved. Det har kosta litt svette og verk au, då eg har jobba svært mykje i år og har ikkje hatt meir enn omkring ti dågår fri frå jobb sida i februar. (bortsett frå Alaskaturen).

Motorsagarm har eg hatt sida 1.mai. Blei bra i Alaska, men nå e helvete laus igjen. Men det drit eg lang marsj i, fe veden skal bli ferdig og det e kanskje 20 sekkar att. Har man tatt faen på ryggen så skal han bæras heimat.

Eg har feresten skrivi eit dikt om dettan. Kjem i bloggen utover hausten. Men nå kan eg ikkje kvile meir. Det renn mykje vatn, mens mølleren sev heites det.

Hei hå