SPETTMEIS

_MG_8844
SPETTMEIS

Heldig e eg som her kan sitte. På kvisten eg har slått meg ned.
Sankar insekt på furuleggen. Pirkar i barken. Gjeng både upp og ned.
Tek det heim att tel holet i stammen. Jobbar hardt frå morgon tel kveld.
Det e livet mitt. Eg klågår ikkje. Det gode liv kvar einaste kveld.

Så byrja kjerringa å pipe om utsikt ut mot aust.
Hått vil ho med det? Vil du kanskje spørre. Det samme tenkte eg i fjor haust.
Eg ville ta det upp i vet, men du veit håss det e. Det e kjerringa som rår.
Når ungane har flydd frå reiret. Og mor gret som bjørka svår.

– Eg kan gjørå det sjølv eg, pipa ho sårt – Eg byrjar allereie i vår.
– Å nei da. Eg kan a` bygge om du treng litt bædre kår.
Så til påske begynna eg å hamre. Slik at ho sku få det bra.
Da blei det slutt på jamret og ho blei lystig og glad.

– Slik ein duganens kar, pipra ho flørten. Nå må du ikkje slite deg ut.
– Nebbet ditt e det kvassast i skogen og du hamrar som ein sinna stut.
Spettet vart slitent og ryggen værka og fjøra vart pjuskut og våt.
Eg banka det hardaste eg konne, mens ho trilla sin finaste låt.
Så lokka ho meg til seg på kvisten. Den som peikar rakt i mot nord.
Da blei det slutt på tvisten, som starta på samme tid i fjor.
J-EP 2011