Ved Tinnåas bredd

_MG_1554-Edit

VED TINNÅAS BREDD

Eg har vokst upp attmed Tinnåas bredd
Sida eg var guttonge har eg traska hølimellom med fiskestånga
Andre ganger uten
Som da me gjømte kånn bort
Røyka skjegg fra gråna i dasspapir
Svidde augobryn og fekk sår hals, men med ein forlokkande kribling i magan

Leska den såre hesjen i iskaldt vatn
Alltid kaldt
Sjølv midt på sommårn
Frå Hardangerviddas smeltevann.
Ned på Tinnsjøens svarte djup.
Alltid kaldt

Kantra i kano i mai- flommen
Kanoen fylte seg med vann rett nedfe Stuthøl
Vassfylt kano uten styring
Balanserte kånn gjennom skumsprøyta nedfe Evju
Møtte storvalsa mellom Evju og Rughølt: På tvers!
Seilte i land på kvar kånn side av kanoen
Vestane hang rundt øyro.
Klarte nesten ikkje puste og musklane verka.
Det var ein orange tepro- kano, Johnny og eg.
Fattern stod på hengebrua og flira
Ved Gaupesprang flaut kanoen i land.
Så var det på`n igjen.

Seinare var det auren som frista.
Eg hadde sommårjobb på handelslaget
Brukte store deler av lønninga på slukar.
Alltid Jensen- pirken.
Det var det som var tingen.
Betalte kontant.
Lønninga kom i konvolutt den gongen.
Det hente også at vi dukka etter slukar
Elva var kald og strømmen stri og TantAnne sa alltid “Huttetu!”

Fiska mest med makk. (Det var gratis den gången.)
Aldri fiskekort. Hark-host- spytt- tvi!
Slikt var ikke for bygdefolk.
Blei aldri storfisk, men det blei mange små
Og mange gode minner å se tilbake på.
Kan ikkje hefte ved alle nå. Må gå videre opp mellom hølene.

J-EP 2010

 Foto: EOS 5d mark II og EF: 100mm makro is usm L. Multieksponering (3stk @ f/32). Støtte fra kamerasekk. Livewiev. (Se det helst i stort- trykk på bildet) PS: Bildebehandling på laptop- mulig mellomtonene ikke sitter helt.